Digitalt løp for Mongolia

Måndag 27. april arrangerer russen og elevrådet ved Tryggheim vgs. digitalt misjonsløp. Elevar og lærarar skal løpe på ulike plassar og samle inn pengar til årets misjonsprosjekt, som er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Mongolia. Løpet skal gå føre seg i to timar, og 800 meter blir rekna som éin misjonsløp-runde.

Innsamlingsaksjonen skal støtte evangelisering og bistand i Mongolia. Dei innsamla midla skal mellom anna vere med og betre situasjonen for barn med nedsett funksjonsevne, som er ei av dei svakaste gruppene i landet. Målet er å gje eit godt og verdig liv til barna og familiane deira. Det kristne arbeidet skjer i samarbeid med den nasjonale kyrkja. NLM støttar teologisk utdanning, evangelisering for folk som ikkje har høyrt om Jesus, leksehjelp for barn og livshjelp for ungdom.

Takk for støtta til prosjektet!